Bålforbod og skogbrannfare

5537
Annonse

Me går inn i lysare tider, og er me heldige vert det også varmare dagar med mindre nedbør. Dette ser me fram til, men det er også i denne samanheng viktig å minne om det generelle bålforbodet som trer kraft 15. april.

Det generelle bålforbodet inntrer 15. april kvart år og er gjeldande for heile landet. Det er ikkje lov å tenne bål i skog og mark, eit forbod som er gjeldande heilt fram til 15. september.

Lyng- og vernebrenning
På vestlandet er det ein tradisjon i å brenne lyngheier for å halde kystlyngheier i hevd. Forbodet gjeld også for denne brenninga som følgje av ein periode kor dyr, fuglar og insekt skal yngle og sikre oss eit godt mangfald.

Bråtebrenning
Bråtebrenning i eigen hage er ikkje omfatta av bålforbodet. Me vil likevel minna om at du som god nabo må ta omsyn til dei rundt deg. Me viser til lokale forskrifter for din kommune.

Grilling og kos
Brannvesenet ser det som viktig at me skal få nyte fine dagar med grilling og kos. Me ber alle om å bruke godt Haugalandsvett og sikre at grilling ikkje medfører anna enn varme for pølser, kotelettar og marshmallows. Hugs:

  • Eingangsgrillar må «druknast» i vatn etter bruk og skal ikkje kastast i avfall før all varme
    er vekke.
  • Faste bål- og grillplassar kan nyttast. Desse er merka.
  • For Sankthans vil det kome eigne retningsliner som tek omsyn til ver og vind for 2021.

Ved særs høg skogbrannfare kan det kome restriksjonar også for grilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Krav om å vera aktsam heile året
Uavhengig av retningsliner er det alltid den som tenner eld som er ansvarleg for dette der
forskrifta seier: «einkvar pliktar å vera aktsam ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til
brann. Det er forbode å gjera opp eld under forhold eller på ein slik måte at dette kan føre til
brann. Ein skal ikkje forlate eld før dette er fullstendig sløkt».

Haugaland Brann og Redning sendte onsdag en melding om at det er gitt dispensasjon for å brenne i utmark frem til og med 17.04.2021. Begrunnelsen er at kontrollert brenning er svært viktig for naturmangfoldet. Kystlynghei er en utvalgt naturtype, og noe av de viktigste naturområdene vi har på Haugalandet. Lyngheiene er helt avhengige av brenning for å bestå. En kontrollert brenning vil en også skape områder med relativt lite vegetasjon, som kan vise seg svært nyttig ved en villbrann i fremtiden.

Tillatelsen gjelder kun de som har søkt om slik brenning.

Annonse