Leserinnlegg: Fritt skuleval er ein siger for elevane

1143
Annonse

No skal Venstre og regjeringa innføra fritt skuleval i heile landet. Det er ein stor siger for fridommen til kvar enkelt elev.

Nord-Jæren Unge Venstre

Vi i Unge Venstre har lenge kjempa for at elevar skal ha mest mogleg fridom til å bestemma over eigen skulekvardag. Ein viktig del av denne fridommen er moglegheita til å velja eige utdanningsløp, men dette er ikkje det einaste som betyr noko – elevar må òg få velja kva skule dei vil gå på. Derfor seier vi ja til fritt skuleval og er glade for at Venstre og regjeringa no vil innføra det i heile landet.

Vi vil gi elevar meir makt til å bestemma over eigen kvardag. Eleven veit betre enn dei tilsette i fylkeskommunen kva skule som er best for dei.

Vi meiner det er grunnleggande urettferdig at der du bur skal avgjera kva skule du skal få lov til å gå på. Om du vil ha ein ny start og søka deg på ein skule i ein annan del av fylket så bør du få lov til det. Det viktigaste er at du lærer noko, ikkje at du deler skuleveg med naboen din.

Fritt skuleval bør vera noko alle elevar kan nytta seg av, ikkje berre dei som tilfeldigvis er busett i eit fylke med politikarar som set pris på valfridom i skulen. Det bør ikkje vera noko mål i seg sjølv at fylkespolitikarane bestemmer korleis skuleinntaket skal gjennomførast. Vi meiner det er riktig å flytta makta endå lenger ned, frå politikarane på fylkestinget til den enkelte eleven.   

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heller ikkje inntak basert på karakterar er perfekt, men det er den best inntaksmodellen vi har. Eleven kan ikkje kontrollera der foreldra har valt å busetja seg, men eleven kan gjera noko med sine eigen innsats og faglege prestasjonar. Vi meiner det er meir rettferdig at inntaket bygger på noko eleven kan påverka, enn at det avheng av noko eleven ikkje kan påverka.

Utdanningssystemet vårt kan alltid bli betre, men det å frata elevane moglegheita til å velja sjølv løyser ikkje noko. Derfor jublar vi over at Venstre og regjeringa no set fridommen til elevane først og innfører nasjonalt fritt skuleval

Bianca Bysheim Voll
Medlem: Rogaland Unge Venstre, Nord-Jæren Unge Venstre

Annonse