Fleire lokale aviser søkte medietilsynet om produksjonstilskott – fekk avslag

252
Annonse

Tre publikasjonar som har søkt produksjonstilskott, kjem inn i mediestøtteordninga i år. – Seks søkarar får avslag fordi dei ikkje oppfyller kriteria for å få støtte, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand. Dagbladet Pluss og Nett.no, som fekk avslag i fjor, får heller ikkje støtte i år.

Produksjonstilskottet er det største av dei direkte mediestøtteordningane, og i 2020 skal 358 millionar kroner fordelast. Formålet med ordninga er å legge til rette for den breie samfunnsdebatten og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.

To lokalaviser og ein nisjepublikasjon får støtte

Medietilsynet har behandla i alt ni nye søknader om tilskott i år. Desse var frå Porten.no, Nett.no, Dagbladet Pluss, Bodø Nu, Rana No, Vefsn No, Medier24, Stord24 og Medieselskapet Karmøynytt. Medietilsynet har vurdert at dei to lokalavisene Rana No og Porten.no kvalifiserer til å komme inn i ordninga. Rana No er ei redaksjonell uavhengig nettavis med base i Mo i Rana, mens Porten.no er ei heildigital, uavhengig regionavis for Indre og Ytre Sogn.

Nettavisa Medier24 er også ein av dei nye søkarane i år som får støtte. Publikasjonen skriv særleg om medium, journalistikk, kommunikasjon, sosiale medium og teknologi.

– Slik Medietilsynet vurderer det, oppfyller ikkje Medier24 breiddekravet og innhaldsvilkåra i forskrifta, for publikasjonen dekker eit avgrensa saksfelt. Det er likevel lang forvaltningspraksis for at riksdekkande nisjemedium innanfor politikk og næringsliv har fått støtte, sjølv om dei ikkje fyller breiddekravet. Dette gjeld for eksempel avisa Fiskaren. Det er bakgrunnen for at Medier24 får støtte, seier Velsand.

Medietilsynet skal sjå nærare på forholdet mellom forskrifta og forvaltningspraksisen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– På oppdrag frå Kulturdepartementet går Medietilsynet no gjennom forskrifta for produksjonstilskott. Som ein del av dette arbeidet ønsker vi å sjå på korleis vi kan få betre samsvar mellom forskrift og forvaltningspraksis, seier Velsand.

Aktørane som allereie er i ordninga, får svar på søknadane seinare denne veka.

Dagbladet Pluss og Nett.no får avslag på nytt

Dagbladet Pluss og Nett.no fekk avslag på søknadene sine om produksjonstilskott i fjor. Avslaga er anka og blir framleis behandla i Medieklagenemnda. Begge publikasjonane har søkt på nytt i år, men Medietilsynet har komme til at dei også i år får avslag.

– Medietilsynet vurderer at hovudtyngda av artiklane til Dagbladet Pluss er underhaldnings- og privatsfærestoff som ikkje er støtteverdig, og at innhaldet i stor grad har ein tidlaus karakter. Dette er bakgrunnen for avslaget, seier Velsand.

Medietilsynet vurderer at nettavisa Nett.no har for lågt omfang av debatt- og kommentarartiklar til å kvalifisere til støtte, og at publikasjonen heller ikkje oppfyller breiddekravet. Nett.no dekker Nordfjord og Sunnmøre, og skriv i all hovudsak om næringsliv.

– Nett.no dekker i hovudsak næringslivsstoff og fyller dermed ikkje kravet til breidde i innhald som blir stilt til lokalaviser for at dei skal få støtte. Sidan Nett.no ikkje er ein nasjonal publikasjon, er det ikkje forvaltningspraksis for å gi unntak frå breiddekravet, sjølv om publikasjonen dekker økonomi- og næringslivsstoff, seier Velsand.

Der Medietilsynet har vore i tvil om ein søkar innfrir innhaldskrava for å få støtte, har tilsynet henta inn analysar av innhaldstilbodet frå Høgskulen i Volda. Det gjeld blant anna Dagbladet Pluss og Nett.no. Vedtaka i Medietilsynet er i tråd med tilrådingane både frå Høgskulen i Volda og Tilskottsutvalet. Tilskottsutvalet er oppnemnt av Kulturdepartementet og gir råd til Medietilsynet når nye søkarar skal vurderast.

Seks aviser får avslag 

Medietilsynet har vurdert at seks av dei nye søkarane, inkludert Dagbladet Pluss og Nett.no, ikkje kvalifiserer til å få produksjonstilskott for 2020.

Nettavisa Bodø Nu, som dekker Bodø kommune, får avslag på grunn av for høgt overskott. Nettavisa Vefsn.no får avslag fordi publikasjonen ikkje hadde høgt nok opplag i fjor. Stord24 får avslag fordi publikasjonen ikkje tok reell betaling i første halvår i fjor, mens nettavisa Karmøynytt får avslag fordi avisa ikkje tok betalt for innhaldet heile fjoråret. Nettavisa Karmøynytt oppfyller heller ikkje vilkåret om at minst halvparten av opplaget skal vere seld i abonnement i 2019.

Fakta om produksjonstilskottet

  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
  • Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
  • Medietilsynet skal fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott i år.
  • Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969.
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
  • Medium som søker, må oppfylle spesifikke krav til formål og innhald for å få støtte. I tillegg må avisa ha ein ansvarleg redaktør i tråd med krava i Redaktørplakaten, ta reell betaling for innhaldet etter ei offentleg tilgjengeleg prisliste og selje minst halvparten av opplaget gjennom abonnement. Det er også avgrensingar knytte til overskott, driftsmargin og utbytte.

Kilde: Pressemelding fra Medietilsynet

Annonse