Ny drone skal hjelpe sjukehusa på Vestlandet

1884
Annonse

På Vestlandet blir det frakta over 1,6 millionar blod- og vevsprøver til og frå sjukehus kvart år, i tillegg til ei stor mengd legemiddel, utstyr og materiale. Eit innovasjonsprosjekt skal prøve ut dronar som ei betre og framtidsretta løysing på denne logistikken. No er skissa til første dronen tilpassa og klar.

Det er Airlift Solutions som har fått støtte frå Innovasjon Norge og leier droneprosjektet. Airlift Solutions skal utvikle og pilotere løysinga saman med helseføretaka i Helse Vest.

Løysing klar i 2022

– Vi har gått saman med norske underleverandørar, og første skisse til ein ny drone for bruk i sjukehusa er klar. Den nye dronen er tilpassa krava til tryggleik for luftfart og behova til helsetenestene, seier prosjektleiar Lise Løvereide.

– Løysinga skal vere klar i 2022 og neste skritt er å gjere testflygingar på kunderuter. Då skal vi mellom anna frakte blodprøver, vevsprøver og legemiddel.

Dei medisinske fagmiljøa, laboratoria og sjukehusa har vore aktive pådrivarar i utviklinga av eit meir påliteleg logistikktilbod.

Hans Tore Frydnes, klinikksjef for Klinikk for medisinsk teknologi i Helse Stavanger og leiar for styringsgruppa for dette prosjektet, og Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør i Helse Førde, ser at dronar kan ha stor nytte for helsetenestene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Sjølv om det er fleire prosjekt på området, har dronar i mindre grad vore nytta i helsetenestene i Noreg. Feire faktorar tilseier at denne typen transport vil kunne bidra til å forbetre logistikk- og kvalitetsutfordringane vi ser i dag. Dronar kan gje effektiv og påliteleg levering, vere betre sporbar og mindre sårbar for ytre faktorar. Utprøvinga i dette innovasjonsprosjektet vil gi oss svar på dette, seier dei.

Kort om droneprosjektet:

Prosjektet Droner for effektivisering av Helse-Norge er støtta av Innovasjon Norge, og samarbeidet mellom helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions er formalisert gjennom ein innovasjonskontrakt.

Deltakarar i prosjektet per oktober 2020 er Helse Førde HF, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Sjukehusapoteka Vest HF og Airlift Solutions AS. Prosjektet starta i samarbeid med Helse Førde i 2018 og Helse Førde er prosjektkoordinator for helseføretaka, som er pilotkundar.

Det er etablert tverrfaglege prosjektgrupper og intensjonen er at prosjektet skal involvere deltakarar frå helseføretak i heile Noreg etter kvart.

Kilde: Pressemelding fra Helse Vest

Annonse