«Om språk, og helse» – Hnytt

Siste:

Nina Ådland
Nina Ådland

«Om språk, og helse»

– Nokon leflar i uvitenhet med tanken på å endra jordmortittelen og. Eg kan lova at om slik skjer, då blir det månelyst, og hattafåk.

(Nina Ådland er jordmor og mamma til tre barn. Gift og bosatt på Sevland)

RETT FRA LIVMORA:  Fordelen med å ha si eiga spalte er at ein kan nytta høvet til å slå eit slag for både det eine og det andre.

Eller, ein treng ikkje akkurat skriva i ei avis for å ytra seg. Det rekk lenge å vera eit heilt alminneleg nettroll, eventuelt driva ein blogg, eller bli ein youtubar (som er ein av draumane til avkom).

Nettroll vil eg ikkje vera, dei finns det mange nok av frå før. Det er rart det der, kor trollete ein kan tillata seg å vera, så lenge det skjer gjennom eit tastatur og ein skjerm. Litt pysete, det er jo det. Men det er nesten fascinerande kor mykje gørr ein kan finna, dersom ein kikkar etter i kommentarfelt rundt omkring.  Ein god regel bør vera at ein kun skriv setningar som ein like gjerne kunne sagt ansikt til ansikt, som ei rettesnor.

Kven eg vil slå eit slag for? -helsestasjonen (eller bensinstasjonen, som ein av mine to-åringar trudde han skulle på då det var aktuelt) Muligens er eg inhabil og farga av jobbkvardagen min, på helsestasjon. Men ærleg tala, som mamma og innbyggjar i eit land med ei så flott ordning som helsestasjonen er, så vil eg skryta av opplegget. Helsestasjonen har tilbod og opplegg for barna våre frå dei er nyfødde til dei er 18 år. Og når barnet ditt ligg i magen kan helsestasjonen tilby oppfølging av vordande mødre og fedre. Er det ikkje flott?

Er du ungdom og treng nokon å snakka med, eller å fylla opp kondomlageret, eller ein resept på p-piller, så stiller helsestasjon og opp der, blant anna på HFU. (Helsestasjon For Ungdom)

Sjøl har eg hatt god bruk for helsestasjonen og kompetansen du finn der. Og det til trass for at me har vore skåna for dei styrste utfordringane i småbarnsfasen. Me har fått både vaksiner, venner for livet i barselgrupper, beroligande råd, og blitt SETT. For all del, noko har eg latt meg irritera av – og ein gong var eg så misfornøgd med hjelparen at eg bytta ut vedkommande med ein annan person. Det skjedde då timen til barnet mitt blei avlyst 30 minutt før me skulle vera der, av den grunn at helsesystera skulle til dyrlegen! Høyrt slikt?

Elles har me vore svært fornøgde. Det er fint at nokon spør 2.klassingen din om han/ho har matpakke med seg på skulen, og om barnet har venner og om det opplever plaging på skulevegen og/eller på skulen. Det er flott at nokon spør kven som bestemmer heime, og at nokon lurar på kva mamma og pappa seier og gjer når dei er sinte. Veldig bra er det og at helsestasjonen har fokus på inntak av alkohol med barn tilstades. Ja, visst, ein kan lett føla seg overvaka og kontrollert når desse tinga er tema under konsultasjonane. Likevel er det viktig at nokon spør, og at ein spør alle.

Forebyggjande helsearbeid viser sjeldan resultater neste dag eller neste veke. Derimot kan det ta ein heil generasjon før ein haustar fruktene av godt forebyggingsarbeid. Kvar einaste krone ein investerar i forebygging er dyrebare kroner, som meir enn doblar seg i verdi dersom ein snakkar samfunnsøkonomi.

Helsesyster heiter det forresten ikkje lenger. Det heiter helsesykepleier. Helsesykepleier, tittelendringa er bestemt frå øvste hald. Grunnen skal visstnok vera at det vil få fleire menn inn i yrket, og at brukarane av helsesyster sin kompetanse skal vera informerte om at ei helsesyster er utdanna sjukepleiar i botn, før ein vidareutdannar seg til helsesyster/helsesykepleier. Nja, eg kan vedda mykje på at sjølve tittelendringa ikkje vil føra til at fleire menn tek utdanninga. SÅ enkelt er det nok ikkje. Og kvifor skal det vera så viktig at dei ein møter må vera informerte om utdanningsløpet hjelparen har? Ein må stolt kunna utføra yrket sitt og utøva kompetansen sin utan nødvendigvis at tittelen skal fortelja(eller prøva å fortelja) kva du kan frå før.

Men, men, ein har jo noko som heiter «adjunkt med opprykk», og andre yrkesgrupper heng svennebrev fint innramma på veggen på arbeidsplassen sin. Dei om det. Spør du meg så meinar eg at tyngden i eit fag hverken kan hengja i glass og ramme på ein vegg eller bli gjort synleg i ein språkleg dårleg tittel. Helsesykepleier -undrar meg på om dei har hatt språkfolk på saka? Blir spennande å sjå om me får noko som heiter helsedoktor, eller helsehjelpepleiar etterkvart.

Nokon leflar i uvitenhet med tanken på å endra jordmortittelen og. Eg kan lova at om slik skjer, då blir det månelyst, og hattafåk. Du legg deg ikkje ut med den standen sånn utan vidare. Til informasjon så har tittelen jordmor ingenting med yrkesutøvaren sitt kjønn å gjera, men at barnet blir født til jorda/på jorda, og jorda blir då mora – omtrentleg forklart. Så jordfar, det er det ingenting som heiter. Faktisk.

Språk er viktig, og ein kan få sagt mykje med både godt og mindre godt språk.

Tilbake til helsestasjonen. Neste gong du undrar deg over at nokon måler hovudet til barnet ditt, og kryssar det av på ei kurve -eller at helsesyster, unnskyld helsesykepleier, spør om kosten i familien inneheld nok jod – det er ein grunn for det: anledning til å gi gode og kunnskapsbaserte råd, til beste for barnet ditt si helse og utvikling.

-så får me heller bera over med at nokon plutseleg må til dyrlegen…