«Lytt til dei unge» – Hnytt

Siste:

Ådland fra nord. Illustrasjon omkjøringsveien, Statens Vegvesen
Ådland fra nord. Illustrasjon omkjøringsveien, Statens Vegvesen

«Lytt til dei unge»

MENINGER: Har fulgt litt med på den debatten om omkjøringsveien. Ja, temperaturen har vore høg til tider, og ikkje alt har vore like sakleg, men det ein viktig debatt.

Det eg legg merke til er at dei fleste på nei-sida er unge folk. Kvifor er det mest unge som står opp når natur og miljø blir trua? Er dei redd for framtida? Kvifor er dei redd for framtida? Har dei sett noko som vi eldre ikkje har ser? Har dei sett noko av det store samspelet som skjer i naturen? Har dei sett kor avhengig vi menneske er av dette samspelet? Har dei sett at dette er trua? Har dei større evne til å tenke nytt enn vi eldre?

Vi spør kanskje: Har det noko å sei i den store samanhengen at det forsvinn nokre dyr, fuglar eller insekter på Karmøy? Ikkje så mykje, isolert sett ikkje, men dersom 1000 kommunar tenker likt, betyr det mykje. Vi er ei brikke i det store samspelet. Om vi teiknar eit hjul av dette samspelet, er navet i dette hjulet insektene som er utrydda om 100 år om vi held fram slik vi stevnar. Er det grunnlag for liv på jorda då? Dette har dei unge sett, trur eg, og det gjer dei redde. Men har dette noko med omkjøringsveien på Åkra å gjera? Berre i prinsippet om at alt vi gjer av inngrep i naturen har ein kostnad, om vi ikkje spelar på lag med naturen. Vi er alle ei lita brikke i det store spelet i naturen, som må vera i balanse for at mennesket skal halde fram med å leva på jorda. Det er dette dei unge kjenner betre til enn oss eldre, meiner eg.

Skal vi slutte å bygge vegar då? Nei, men vi skal vera sers grundige når vi vurderer slike anlegg opp mot kostnader for natur, miljø og jordbruk. Desse kostnadene er blitt mykje tydelgare for oss nå enn for 20 år sidan.

Kvar og ein må ta ansvar på sin stad. Det er det dei unge gjer. Vi bør lytte på dei. Vi bør kome dei i møte. Dei ser ofte ting frå ein annan synsvinkel enn vi eldre, og dei har engasjement.

Vi skal vera glad for at vi har hobbymiljøvernarar, hobbyornitolgar, hobbyjuristar og hobbypolitikarar osv. Det er ein rikdom for demokratiet. Vi kan ikkje overlate alt til politikarane.