«Desemberintoleranse» – Hnytt

Siste:

Nina Ådland er jordmor og ny spaltist i Karmøynytt. Hun er bosatt på Sevland sammen med mann og tre barn. 
Nina Ådland er jordmor og ny spaltist i Karmøynytt. Hun er bosatt på Sevland sammen med mann og tre barn. 

«Desemberintoleranse»

– Det er farleg dette, minefelt. Ikkje fordi eg ikkje kan stå opp for sterke meiningar om julehysteri, men fordi, dersom ein ymtar frampå om at ein ikkje er så begeistra for sjølve jula, ja då kan ein lett bli sortert inn i kategorien «sterkt traumatisert menneske».

RETT FRÅ LIVMORA: Åtvaring: er du av sorten som startar med julegleding frå 24.juni, då bør du fint blè over til neste avisside, for du kan ta skade på di (jule)sjel.

Slik eg forstår det så er det vanleg å vera eigar av ei eller anna intoleranse. Ein skal ikkje vera gjest rundt mange bord før ein snappar opp at ein sidemann eller to saumfarer ingredienslista, på jakt etter det ein ikkje toler. Dei om det, garantert plagsomt, vil eg tru. Heldigvis, eventuelt dessverre (det er jo ikkje kun mellom tennene mat legg seg!) så toler eg alt av mat, ALT.

Eg har min heilt eigen diagnose, som eg har diagnostisert sjølv: desemberintoleranse. Det er ein ganske plagsom diagnose å ha, for folk eg kjenner nemner desembertema allereie frå fyrste veka i sommarferien (og då meinar eg sommarferien på skulen, ikkje den sommarferien me andre har).

Dei GLEDAR seg til jul, i juni! Kan det vera lovleg? Bør det ikkje medisinerast vekk? Kor blei det av hausten? Har nokon stjelt hausten? Joda, me skal visst ha ein svart fredag og nokre oransje gresskar innom før det blir jul, men det er så vidt me får nyta lyng og skodde og oktober og bølger før einkvan flashar eit juletre og ein nisse framføre nasen din. Det er då eg slit, og lurar på om det er eg eller den andre som er den normale/den unormale.

Det er farleg dette, minefelt. Ikkje fordi eg ikkje kan stå opp for sterke meiningar om julehysteri, men fordi, dersom ein ymtar frampå om at ein ikkje er så begeistra for sjølve jula, ja då kan ein lett bli sortert inn i kategorien «sterkt traumatisert menneske», som hverken hadde vått eller tørt i barndommens jul, og det einaste ein hadde å varma seg på var ei svovelstikke, eventuelt ein lighter.

Jaja, dei får tru kva dei vil om eventuelle traumer. Ein treng ikkje forklara alt. Men mine juletraumer er ganske få og uskuldige, heldigvis. Forresten, du veit slike englehår som ein kan hengja på juletreet? -det fekk eg inn i foten då eg var liten. Prøv sjøl, å trø på Glava, nesten det same som englehår.

Apropos juletre, kan du fatta det, at vaksne folk tar ein del av skogen inn i huset OG heng pynt på det? Men kun i eit par veker, for så å ta av pynten og hiva treet ut igjen. Kva i all verden skal det vera godt for? Eg sto imot, lenge, òg i mange år som småbarnsmor. Nå har me juletre, kvart år. Med lys. Kvite lys, ikkje slike tivolifarga som me hadde då eg var liten og spenninga var til å ta og føla på for å sjå om dei virka dette året og. For det blei nemleg fortalt, at, dersom ei pære var gått, då var alle gått. Slik var det, og det var muligens eit aldri så lite traume for eit nervøst barn, å måtta ottast for om juletreet kom til å vera mørklagd det året. For ordens skuld; det blei alltid lys, til slutt, då me vridde litt på den pæra som var laus.

Ikkje fortèl meg at harmonien flyt over i juletrepyntingseansen. Har du aldri vore med på å banna opp eit juletre, då har du gått glipp av noko. Eller om du heller aldri har opplevd eit skeivt tre med greiner kun på eine sida – då har du gått glipp av noko der og.

Folk som kjenner meg veit at eg berre er sånn under middels glad i dyr. Allikevel har det seg slik at me har både katt, og juletre. Den einaste gongen i året eg er på lag med Katten, det er når katten får kjeft – for å klatra i treet. Det er jo ikkje Katten som er dum! Så eg lar han klatra, sjølsagt.

Det finns kjekke ting med jul og, julekort til dømes, og mat, og fellesskap. Men at alt er så forbaska MAGISK og glitrande og grønsåpeluktande (feil, nå brukar ein kun vatn på fillene) – det bit eg ikkje på.

I går lærte e geit nytt ord: juletrefotskjuler. Eit must have. Det var då intoleransen nesten slo over til allergi.

Neida, over til andakten: det var kuskit i stallen der Jesusbarnet blei fødd. Garantert.

LES OGSÅ: Snakker rett fra livmora