Åpent brev til gruppeleder i Karmøy KrF: Kjære Alf Magne – Hnytt

Siste:

ÅKRA SKULE: Elevane på Åkra står igjen som taparane. Klassane deiras ska delast opp, og dei ska skyssast rundt på 3 andre skular.
ÅKRA SKULE: Elevane på Åkra står igjen som taparane. Klassane deiras ska delast opp, og dei ska skyssast rundt på 3 andre skular.
Arkivfoto

Åpent brev til gruppeleder i Karmøy KrF: Kjære Alf Magne

– Nå e me skikkeligt skuffa øve deg! Pittelitt sinte, men mest skuffa.

LESERINNLEGG: Me kan ikkje forstå at du som va med på å oppretta ein privatskule for at du ville gi ungar på Syre eit best mulig tilbud, kan meina at det forslaget du har vore med og lagt fram og stemt på e det best muliga tilbudet ungane på Åkra fortjene. Eller e det ikkje så nøye når det e andre sine ungar? «Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv.» Arnulv Øverland si berømte strofa e tidligare brukt i denne skuledebatten, og me fatte ikkje at store deler av politikarane og folk på Karmøy synst det e greit at elevar og ansatte på Åkra Skule stadig flyttes bak i køen i dette spelet som Skolebruksplanen for Sone 2 e blitt.

For kort tid siå va me på møte med politi og kommunen om rus og ungdomsproblematikk på Åkra. Forstår dokke ikkje at ein god og trygg skule e det viktigaste utgangspunktet for at ein ska få trygge og gode ungdommar som seinare i livet gjere gode valg for seg sjøl og andre? Det gjelde på Åkra óg.

Ein trygg skule og et trygt nærmiljø e det adle foreldre ønske seg for ungane sine. På Vea, på Sevland, på Åkra og på Ådland. Foreldre har mobilisert og demonstrert for sine ungar. For sin skule. For si bygd. Debatten i sosiale medier har mildt sagt vore friske. Her er det følelsane som rår. Det handle om ungane våre, det handle om identitet og det handle om 17. mai. I dette virvaret e det elevane på Åkra som står igjen som taparane. Klassane deiras ska delast opp og dei ska skyssast rundt på 3 andre skular. Plutseligt så e argumenter om lång skulevei, kryssing av farlig hovedvei, et trygt læringsmiljø ikkje så viktige?

Alf Magne, du e ein flinke politikar. Du e faktisk så flinke at me sko ynskja du va Åkrabu. All honnør te deg og dokke andre som drive med politikk her i kommunen. Men, dette e ikkje godt nok. Du og dine må tenkja litt te så at elevar med foreldre og ansatte på Åkra Skule ikkje trenge å gå på sommarferie med vondt i magen og usikkerhet om de ska begynna på nye skule te hausten. Me på Åkra vil ikkje på nogen måte snika i køen eller at andre ikkje ska få. Men, me finne oss heller ikkje i at andre stadigt ska gå forbi oss i køen. Det kalles køkultur.

Beste helsing!