Nok ein pris for ungdomsboka til Anders Totland – Hnytt

Siste:

Arkivfoto

Nok ein pris for ungdomsboka til Anders Totland

Anders Totland blei fredag tildelt Ordknappen for boka "Så lenge ingen ser oss". Frå før er boka hedra med ein pris for det vakraste bokomslaget.

KULTUR: Totland er ein av fire forfattarar og illustratørar som får denne utmerkinga i år.

– Det er sjølvsagt stor stas, seier forfattaren.

Ordknappen er eit hedersmerke som blir delt ut når ei bok i større grad når alle. også dei som slit med å lese vanlege bøker.