Klypetussen freistar med nye medaljar – Hnytt

Siste:

IF Klypetussen

Klypetussen freistar med nye medaljar

Idrettsforeninga Klypetussen lanserer nye medaljar i vårens første løp laurdag.

ETNE: Laurdag er det klart for «Trongjo opp» for heile familien, eit løp med lange tradisjonar. I år vankar det nye medaljar med ny logo for nett dette arrangementet. Fyrste løp ein er med i, får ein bronsemedalje, andre løp sølv og tredje gullmedalje. Løypa er på 1750 meter.

Nytt av året er også eit barneløp med medalje til alle, og dessutan «Litla-Trongjo» for dei som ikkje greier heile løypa. Alle som ynskjer å vera med, og oppnå plakett for minst tre av fire løp, får tilbod om å fullføra «Litla-Trongjo» på ca 500 m.

– «Alle skal med», det var me som fann på det, seier Ørjan Løhaugen og Gisle Sellevold frå IF Klypetussen i ein pressemelding.

Fest har dei også lange tradisjonar for. Etter løpet vert det fest på Sævareid skule. Her er det garderobar, trekkjing av premiar, utdeling av premie til fyrste kvinne og mann i «Trongjo Opp», og bronsemedalje til alle mellom 0 og 15 år i «Litla-Trongjo». Her vert det salg av pizza, kaffi, te og saft.