Siste:

SAMTIDSDAGANE: Alf Aronsen,  prosjektleiar ved Høgskulen på Vestlandet.
SAMTIDSDAGANE: Alf Aronsen, prosjektleiar ved Høgskulen på Vestlandet.
Høgskulen

Samtidsdagane feirar med rikhaldig meny

Kommande veke er det igjen duka for debattar, diskusjonar og dagsaktuelle tema på campus Stord. Årets Samtidsdagar feirar 10 år med rekorddeltaking og ein brei meny.

STORD: Øvst på plakaten finn ein i år Brageprisvinnar Olaug Nilssen, NRK-journalist Sigurd Falkenberg Mikkelsen og professor Kari Dyregrov i frå Høgskulen på Vestlandet.

– Me har og med oss sterke lokale stemmer som forfattar Anders Totland, psykolog Kristine Tofte, psykologspesialist Ingrid Camilla Aasebø Heggland og advokat Sverre Hetland, fortel prosjektleiar Alf H. Aronsen ved Høgskulen på Vestlandet i ein pressemelding.

Tematikken i år spenner frå tabubelagde tema som barnevold, omsorgssvikt, hatprat, seksualitet, sorg og død, til klimakamp og frykt og fiendebilete i Europa.

I følge Aronsen har arrangement vakse sakte men sikkert dei siste åra, og i år har interessa vore større ein nokon gong. Så langt ser det ut for at det kjem over 1000 besøkjande.

– Mange skular både tar kontakt og melder på klassar med elevar. Og i år opplever me stor pågang frå ulike verksemder både i Haugesundsregionen og i Sunnhordlandsregionen som ønskjer å sende sine tilsette hit. Dei ser på dette som ein arena for å skaffe seg viktig fagleg påfyll.

Tema for Samtidsdagane varierer år for år

Når det gjeld føredragshaldarar kan Aronsen vise til ein imponerande liste gjennom desse 10 åra. Ole Moen, Anders Magnus, Philip Lote, Kai Eide, Margareth Olin, Robert Mood, Inga Marte Thorkildsen, Helene Uri og Åsne Seierstad er nokre av namna som har gjesta Rommetveit.

– Målet vårt er å fange tema som er i den lokale debatten, på nasjonalt plan og på den internasjonale arena. Me hentar inn ulike og aktuelle stemmer både nasjonalt, men og frå vår eigen region og frå vår eigen høgskule. Det å få ein god samansetting og miks er viktig, seier prosjektleiar Alf H. Aronsen.