Siste:

KVALITETSDAGANE: Bjarte Stubhaug og Fagdirektør Haldis Ø. Lier.
KVALITETSDAGANE: Bjarte Stubhaug og Fagdirektør Haldis Ø. Lier.
Eirik Dankel

Rekordstor interesse for stressmestring

Tanken er at medarbeidarane i Helse Fonna skal få fagleg påfyll. Men denne gongen får vi være med på mykje av det. Aldri tidlegare har så mange føredrag og arrangement vore opne for publikum.

HELSE: Frå den 16. november arrangerer Helse Fonna «Kvalitetsdagane 2017». I over ei veke deler helseføretaket kunnskap både internt og med fleire opne arrangement. Tema er «det heile mennesket», og omhandlar både fag, kommunikasjon, etikk, bruk av ny kunnskap og ei rekke kvalitetsforbetringsprosjekt. Mest populært er stressmestring med Bjarte Stubhaug. Alle arrangementa er gratis.

– Vi opplever at det er stor interesse for å få kunnskap om helse. Vi håper publikum vil møte opp på dei ulike arrangementa, seier fagdirektør Haldis Ø. Lier i ein pressemelding.

Folkestress

Av dei opne føredraga er det stressmestring som treff publikum best. Føredrag med psykiater Bjarte Stubhaug er allereie blitt flytta til Maritim Hall på grunn av stor interesse, og på Stord må storsalen i Kulturhuset takast i bruk. Tilsaman har over 2000 meldt si interesse på Facebook.

– Interessa viser at publikum meir enn gjerne vil lære om stress og korleis dette kan handterast, seier fagdirektøren.

I fjor blei det nødvendig å setje opp eit ekstra føredrag på kvelden for at så mange hadde møtt opp.

I år er tema «Framleis stressa?», og det er om mogeleg endå meir populært. Denne gongen handlar det om korleis du sjølv kan handtere stress ved å akseptere eller forandre livssituasjonen din.