Siste:

GRIMSBYTOPPEN: – Her er det utsikt over både sjø og by, fortel Andor Rasmussen.
GRIMSBYTOPPEN: – Her er det utsikt over både sjø og by, fortel Andor Rasmussen.

Satsar sentrumsnært med utsikt og sjø

– Vi har satsa på kvalitetsbevisste kjøparar, og lagt vekt på at dei skal kunne utforme leilegheitene etter eige ønskje.

BOLIG: Fire nye leilegheitsprosjekt: Grimsbytoppen, Smedasundet 1, Kirkegaten og Hollenderhaugen.

Leilegheitsprosjekta har alle eige særpreg, men enkelte fellestrekk peikar seg ut. Eitt er at dei ligg relativt sentrumsnært. Noko som er ein stor fordel, ifølge Andor Rasmussen.

– Skal du ha suksess, er det tre ting som gjeld: plassering, plassering og atter plassering. Målgruppa vår er folk som vil ha fri frå pliktene einebustadar gir. «Easy living» gjeld. Og folk vil bu sentralt, fortel han.

Reint arkitektonisk går funkisstilen igjen med sine rette veggar, flate tak og store vindauge. I tillegg til at det er eit tidsriktig stilval, har det både med økonomi og kommunal reguleringshøgd å gjere. Dagleg leiar i Odd Hansen Prosjekt, Kjetil Alvheim, forklarer:

– Når du har ei så attraktiv tomt som dette, vil du ha mest mogeleg ut av den. Du vil utnytte byggearealet på ein god måte. Med saltak får du ikkje utnytta øvste etasjen fullt ut. Dessutan synest eg at på så høge bygg er det flate tak som tar seg best ut.

På toppen av Åkra
Grimsbytoppen ligg på Åkra. Hans J. Rasmussen AS står for utbygginga. Dagleg leiar Andor Rasmussen seier seg godt fornøgd plasseringa medan han viser rundt.

– Her såg vi potensiale og kjøpte og reiv dei to nedslitne einebustadane som stod her før. Grimsbytoppen er det høgast punktet på Flat-Åkra. Næraste naboen er Varden. Det ligg sentralt, og her har bebuarane utsikt til sjø og by, ja, faktisk i alle himmelretningar, og det frå både andre og tredje etasje.

Byggestart var hausten 2016. Dei to bygga, som skal innehalde seks leilegheiter kvar, pluss garasje i underetasjen, er allereie reiste.

– Litt spesielt ved dette prosjektet er at det er eit elementbygg, at det kjem i prefabrikerte element. Etasjeskiljarane er i betong, noko som er gunstig med tanke på at det dempar støy mellom bustadane, forklarer Rasmussen.

Grimsbytoppen på Åkra

Bygget skal etter planen stå ferdig i september. Dei tolv leilegheitene er likt utforma: tre soverom, bad, stove med open kjøkkenløysing og eigen terrasse.

– Å bygge slik er rasjonelt. Det eliminerer faren for tekniske feil. Samstundes blir støynivået mellom etasjane mindre. Leilegheitene er på 90 kvadrat. Det er maksstorleiken, skal dei bli husbankfinansierte.

Rasmussen har komme godt i gang med salet.
– Det har vore tunge tider i næringslivet, så vi er komfortable med at vi til nå har selt halvparten.

Langs Karmsundet
I dag står berre eit tomt industribygg på tomta som ein gong husa gamle kol-depotet ved Karmsundet, rett vest for Kiwi Salhusvegen.

Det einaste som vitnar om at området nå har år med byggeaktivitet framfor seg, er nokre halvfulle containarar og gjerdet rundt.

Her skal det etter planen komme sju byggetrinn med totalt 150 leilegheiter langs sjøen. Kjetil Alvheim, salssjef i Odd Hansen AS, peikar:

– Dette er ein av dei få plassane av ein viss storleik langs Karmsundet som er igjen til å bygge på. Tomta ligg veldig fint til med tanke på sol, og vi har gangavstand til sentrum. Vi er kjempefornøgde med å vere med på dette.

– Det gamle kai-anlegget skal brukast til sjøpromenade, fortel Kjetil Alvheim.

Utbyggaren har lagt vekt på uteområdet og har samarbeidd med anleggsgartnarfirmaet Vagli om utforminga. Her skal det i tillegg til oppvarma utandørsbasseng etablerast sitjegrupper og leikeplassar.

– Uteområdet har vore viktig for oss. Vi skal bruke det gamle kai-anlegget til å lage strandpromenade og er ute etter å lage ein samanheng mellom plantesetnadar og gangstiar.

Leilegheitsbygga skal plasserast slik at alle bustadane får sjøutsikt frå terrassen.

– Vi har satsa på kvalitetsbevisste kjøparar, og lagt vekt på at dei skal kunne utforme leilegheitene etter eige ønskje.

Så snart den kommunale handsaminga er ferdig og nok leilegheiter er selde, begynner byggearbeidet på første trinn, døypt Baugspyd. Det lengst sørliggande. Går alt etter planen, vil heile området stå ferdigstilt om fem til sju år.

– Vi selde ut seksti prosent av bustadane i byggetrin 1 løpet av to-tre veker. Vi merkar at det er dei mest eksklusive som går først, fortel Alvheim og held fram:

– Sidan interessa var så stor da trinn 1 blei lagt ut for sal, var vi snare med å legge ut neste trinn òg.

Smedasundet 1

Roleg i Kopervik

– Vi har satsa på relativt store leilegheiter. I penthousen, den som ligg øvst, blir det akkurat som i Amerika: Du kan ta heisen nedanfrå garasjen i underetasjen og direkte inn i leilegheita, smiler Gabriel Garvik i Garvik-Gruppen.

KIRKEGATA: Leilegheitskomplekset som er prosjektert i Kopervik.

Med Kopervik kyrkje som næraste nabo har dei nå prosjektert eit nytt leilegheitsbygg.

– Dette er eit voldsamt roleg strøk, samstundes er det sentrumsnært og har gangavstand til alle fasilitetar, fortel Garvik.

Leilegheitene er ulike. Den største går over to plan, og dei fire minste er på cirka 90 kvadrat. Kjøparane kan velje mellom to eller tre soverom.

– Dette blir tøffe bustadar. Terrassane er vestvende, og i den øvste, penthousen, får dei bra med utsikt, fortel Garvik og held fram:

– Vi har allereie selt dei fire minste leilegheitene, så nå reknar vi med at vi begynner å bygge i april eller mai. Og at vi ferdigstiller før året er omme.

Urbant i Haugesund
Rett sør for Haugesund stadion er Utvik AS godt i gang med trinn 1 av sitt nye prosjekt, Hollenderhaugen. Dei har samarbeidd med arkitektkontoret Vikanes og Bungum om utforminga.

– Dette er eit urbant prosjekt der det skal vere noko for ein kvar smak. Her er det rundt fem minutt å gå til både sjø, by og turområde. Meir sentrumsnært blir det ikkje, hevdar salssjef Kai Nordal.

Hollenderhaugen ligg sentralt i Haugesund

Leilegheitene har eiga terrasse, varierande storleik, og er alle ulikt utforma.

– Dei er frå 60 til 118 kvadrat. Toppetasjane som er mest fasjonable, har takterrassar på 80.
Toppleilegheitene kjem enten til å ha utsikt mot havet eller mot sør.

– Vi ser elles at kjøparane våre er i alle aldersgrupper. Her er det både unge i etableringsfasen og eldre som flyttar ut av einebustadane sine, fortel Nordal og avsluttar:

– Nå bygger vi for fullt og ser for oss at alle leilegheitene i første trinnet skal vere innflyttingsklare før utgangen av 2017.