Siste:

Foto: Arkiv
Foto: Arkiv
Arkivfoto

«Vi må oppretta kornlagre for eit års forbruk»

– Med berre 3 % dyrka av nasjonens totalareal, der rundt halvparten, 1,5 %, er eigna til å dyrke korn, gjeld det meir enn nokon gong at vi tek vare på jordbruksarealet vårt, skriv Dagfinn Torstveit i dette leserinnlegget.

Leserinnlegg av Dagfinn Torstveit, bonde.

LESERINNLEGG: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale freistar så godt han kan å reklamere for regjeringa si stortingsmelding om jordbruket. Han skriv mellom anna at norsk jordbruk alltid har vist ei formidabel vilje og evne til omstilling og utvikling. Det er både rett og godt sagt.

Han peikar vidare på at vi må ha ein framtidsretta jordbrukspolitikk som peikar nokre tiår fram i tid. Det gjer ikkje stortingsmeldinga om jordbruket.

Vi lever i ei svært uroleg tid. Den militære etterretningstenesta sin siste årsrapport lista opp mange potensielle militære konfliktområder i framtida som Nord Korea, Sør-Kina havet, Ukraina og ikkje minst situasjonen i Midt Austen med rundt 60 millionar flyktningar, for å nevna noko.

Vidare har vi klimaendringane, som dei aller fleste vitskapsmenn, som har klima som fagfelt, seier kjem. Vi har fått Paris avtalen. Men sjølv om ein skulle klare å stoppe temperaturauken til 2 C, så vil temperaturauken etter alt å døme få store negative konsekvensar for matproduksjonen i verda. Når ein i tillegg veit at me om godt tretti år er 9 milliarder menneske så er her nokre skjeringspunkt me ikkje slik utan vidare kan neglisjera. Denne utviklinga burde vera til bekymring, når me veit at sjølvforsyningsgraden i Norge ligg på godt under 50%.

Nokre, mellom anna stortingsmannen Michael Tetschner (H)seier me kan leve av fisk. Ja det kan me nok ei stund. Men her lyt nevnast at nesten 90% av alt laksefor er importert. Vidare er det ikkje sikkert at trålerane får gå til havs dersom det vert større militære konfliktar. Under siste krig var mellom 10-15% av maten vår fisk. Etter fem år med slik mager kost, var matsituasjonen i Norge den mest prekære av alle land i Vest-Europa, som vart inspisert av amerikanerane etter krigen. Så Tetschner kan nok fort koma på skikkelig slankekur med fisken sin.

Landbruk handlar om å få biologiske prosessar til å spire og gro og den som produserer mat må tenkja langsiktig. Mat i seg sjølv er ikkje så mykje verd når ein har nok av den. Men dersom ein har for lite, er ein villig til å gjere kva som helst for å få tak i mat. Må vi gå ein dag uten mat( tre måltider) så nærmar det seg ein katastrofe ! Difor må vi også snarast oppretta kornlagre for eit års forbruk, som til dømes Finland har gjort

Liberalistane i H og FrP hevdar at vi kan via handelsavtalar, eller ved at vi har stor kjøpekraft, sikre oss tilgang på nødvendig kjøp av mat frå utlandet. Det dei gløymer er at gjennom historia så har det ved trugsmål om mangel på mat, alltid vore gjennomført eksportforbud av mat frå land som måtte ha mat for salg, for å sikre eigne innbyggerar. Forsvarets forskningsinstitutt seier i si utgreiing, Matsikkerhet i eit klimaperspektiv, at ” Videre er det påvist at det ideelle matmarkedet er en illusjon”. Det frie markedet fungerar altså ikkje slik liberalistane ynskjer å tru, når det gjeld mat. Likevel held dei fram med si blinde tru på marknadskreftene også på dette området. Det kan virke som dei er like ideologisk blinde som AKP ML rørsla var i 1970 åra i si dyrking av kommunistideologien til Stalin og Mao.

Med berre 3 % dyrka av nasjonens totalareal, der rundt halvparten, 1,5%, er eigna til å dyrke korn, gjeld det meir enn nokon gong at vi tek vare på jordbruksarealet vårt, og at det er i

bruk. Då vil vi i det minste oppretthalda produksjonspotensialet vårt, dersom det skulle vera nødvendig.

Løysinga er då ikkje nødvendigvis større einingar, men å ta vare på det vi har. I Sveits har dei til dømes satsa sterkt på bruk av utmarksbeite og at landbruksproduksjonen mest mogeleg skal basere seg på nasjonale ressursar. Dei har lykkast, så eg skjønar ikkje kvifor ikkje vi skulle gjera det, dersom det er politisk vilje.

Det eg ynskjer for mine barnebarn med ei framtidsretta landbruksmelding er korleis me skal oppretthalda sjølvforsyningsgraden i ei uroleg verd, det finn eg diverre lita av.