Siste:

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Arkiv
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Arkiv
Marius A. Haugen

Kleppa seier ok om Etne og Vindafjord

Med grunnlag i kommunestyrevedtak, og ut frå prinsippet om frivillegheit, rår Fylkesmannen i Rogaland ikkje til at Vindafjord og Etne blir ein ny kommune i denne omgang. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa
rår likevel til ein vidare dialog for på sikt å bli ein kommune.

KOMMUNEREFORMEN: Fylkesmannen har i eit tilleggsbrev til si tilråding som blei sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet 27. september, dagen etter at Vindafjord og Etne hadde avvikla folkerøystingar om den inngåtte intensjonsavtalen. Som kjent gjekk eit fleirtal i begge kommunane mot samanslåing. I byrjinga av november gjorde kommunestyra i Vindafjord og Etne endelege vedtak om å halde fram som eigne kommunar.

Ikkje ferdig med det gamle

– Vårt inntrykk er at folket og kommunestyret i Vindafjord har lagt noko vekt på at kommunen framleis er relativt ny etter den frivillige endringa som blei gjort i 2006, og at denne prosessen ikkje er heilt ferdig, skriv fylkesmannen til departementet. Ho viser samstundes til at Vindafjord og Etne med til saman om lag
13 000 innbyggarar vil «svare godt ut» på mål og kriterium i reforma. Kommunane har i dag felles utfordringar t.d. når det gjeld økonomi og kompetanse, og er relativt tett integrerte når det gjeld busetting og sysselsetting. Ølen er etablert regionsenter i indre Haugalandet, og det er berre om lag 12 km mellom kommunesentra Etne og Ølen.

Store utfordringar på nokre felt

Fylkesmannen peiker på at Vindafjord og Etne i dag har eit relativt omfattande samarbeid mellom anna på helseområdet, mest med Vindafjord som vertskommune. Vindafjord har forsvarleg kvalitet på dei viktigaste tenestetilboda, men har også utfordringar på viktige fagfelt. Kommunane ser føre seg å vidareutvikle det interkommunale samarbeidet etter behov.

– Det er vår vurdering at dei to kommunane allereie i dag er så tett knytte saman når det gjeld samarbeid, at det vil vere ei betre løysing for framtida å samle kompetansen i ein ny kommunestruktur. Ut frå dei vedtak som er gjorde, og basert på frivilligprinsippet, er det ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å rå til endring i kommunestruktur for Vindafjord og Etne no. Samstundes er vår vurdering at Vindafjord og Etne på sikt bør bli samla i ein kommune, særleg ut frå omsynet til å ha ein forsvarleg kapasitet og kvalitet på basistenestene. Det gjeld også ut frå omsynet til økonomiske utfordringar, og det å ha ei forsvarleg og samordna langsiktig samfunnsutvikling, skriv Magnhild Meltveit Kleppa og rangerer desse to kommunane i same kategori som dei kommunane der fylkesmannen rådde til vidare dialog i hovudtilrådinga.