Siste:

– Eg prøver å skape ei roleg atmosfære i butikken, seier Marit Gramshaug.
– Eg prøver å skape ei roleg atmosfære i butikken, seier Marit Gramshaug.
Bilde 1 av 7
Ingunn Karin Nøkling er innom og kikar.
Ingunn Karin Nøkling er innom og kikar.
Bilde 2 av 7
Eit utval av toppar og bukser. I forgrunnen keramikk og ein draumefangar.
Eit utval av toppar og bukser. I forgrunnen keramikk og ein draumefangar.
Bilde 3 av 7
BRUKT OG NYTT: På hylla står fat, spegel, krukker i tre og saltstein for telys.
BRUKT OG NYTT: På hylla står fat, spegel, krukker i tre og saltstein for telys.
Bilde 4 av 7
Klesutstilling, draumefangarar og lykter for telys.
Klesutstilling, draumefangarar og lykter for telys.
Bilde 5 av 7
Marit Gramshaug i ivrig prat med kundar.
Marit Gramshaug i ivrig prat med kundar.
Bilde 6 av 7
Den kvilande Buddha i forgrunnen og eit utval av kjolar, toppar og tunika på veggen.
Den kvilande Buddha i forgrunnen og eit utval av kjolar, toppar og tunika på veggen.
Bilde 7 av 7

Satsar på gjenbruk og sinnsro

Interiør- og klesbutikk litt utanom det vanlege i Kopervik.

KOPERVIK: – Stilmessig legg eg hovudvekta på bohemsk og rustikt interiør, fortel eigaren, Marit Gramshaug.

Det er tidleg formiddag på Serenity. Kundane har ikkje begynt å komme ennå. Stereoen spelar lågmælt musikk, og lukta av røykelse fyller butikken. Gramshaug tar seg ei pause frå arbeidet med å ommøblere vindaugsutstillinga.

– Serenity betyr «sinnsro». Og det er det eg prøver å skape her, ei harmonisk heilheit med levande lys, fredeleg musikk og god atmosfære, forklarer ho.

I butikken stiller ho ut møblar, pyntegjenstandar og klede. Det blir mange turar rundt i andre bruktbutikkar og loppemarknadar, i tillegg til å bestille ein del på nett.

– Eg brukar mykje tid på velje ut varene og tar inn ting som eg sjølv har sakna i andre interiørbutikkar. Er veldig glad i buddhafigurar, krystallar og røykelse, ting som er litt utanom det vanlege. Interiør og klede har alltid vore ein viktig lidenskap for meg, og eg synest det er kjempespennande å sette dei saman på heilt nye måtar.

Gjenbruk

I ei tid der flesteparten av oss lever i overflod, tar somme eit oppgjer med bruk-og-kast-mentaliteten. Gramshaug er stolt over å drive med gjenbruk.

– Folk likar å fornye seg og lage det koseleg heime, og eg synest det er bra at folk kjøper seg nye ting. Men mange tøffe ting kan òg brukast om igjen. Det er jo fint at nokon får glede av og bruker om igjen ting som andre er leie av.

Koperviksbuen Ingunn Karin Nøkling er innom og kikar.

– Eg synest det er heilt topp med gjenbruk. Motetrendane går jo i bølgjer. Det som var in på åttitalet, kjem tilbake nå. For meg ligg det òg litt nostalgi i det. Tinga bringar tilbake gode minne, seier ho.

Pangstart

Serenity fyller eitt år i november. Gramshaug har allereie begynt å planlegge jubileet. Da vil ho gjere stas på butikken og kundane. Den raude løparen er allereie på plass.

– Det har vore eit travelt, men veldig kjekt år.

At Serenity var eit smalt konsept, visste Gramshaug godt. Derfor var det ein letta butikkeigar som gjorde opp kassa etter opningsdagen.

– Hugsar da eg la siste handa på utstillinga natta før. Eg gleda meg og var hundre prosent klar for å satse, men samtidig usikker på om det fanst marknad for ein slik butikk i byen. Da følte eg meg modig. På morgonkvisten dagen etter kom det to-tre først, så ramla det inn med folk. Eigentleg skulle eg stenge klokka seks, men siste kundane gjekk ikkje før halv åtte. Eg kunne ikkje drøymt om ein betre start.

Like folksamt blei det ikkje da kvardagen kom, men omsettinga har gått jamt oppover månad for månad, seier Gramshaug.

I dag har Kari Øvrebø tatt turen frå Bokn. Nå står ho og granskar ein lysestake.

– Dette var ein snål butikk. Eg er alltid på jakt etter retro-ting og likar godt å gå rundt og kike, smiler ho.

Framtidsplanar

Innehavaren er nå klar for å ta Serenity nokre steg vidare.

– Eg har hatt suksess med å arrangere strikkekafé og foredrag om intuisjon og høg-sensitivitet. I sommar spelte bandet Rags and Feathers konsert her. Da var det fullt hus. Framover vil eg prøve å få til fleire intimkonsertar og forfattarbesøk.

I tillegg har Gramshaug nye idéar på teiknebrettet.

– Eg kan godt tenkje meg å ha ein fast månadleg kveld der eg inviterer ulike kreative menneske, eldsjeler og andre, gjerne lokale folk, som kan fortelje om det dei driv med og inspirere tilhøyrarane. Eg har fleire namn på blokka allereie.